okt 312013
 

IMG_2538
Over nyttår trer Anne-Marie Sandve (57) i kraft som sokneprest i Austevoll. Jærbuen ser fram til å igjen bu ved havet.

At ho er den fyrste kvinnelege soknepresten i Austevoll, er ikkje eit tema Anne-Marie heng seg opp i.
– Eg er den eg er og vil gjera jobben min heilt uavhengig av det, seier Anne-Marie, som vart ordinert til prest i 1992.
– Variasjonen i arbeidsoppgåver må vera det beste ved yrket. Eg møter og snakkar med folk i alle generasjonar, i både sorg og glede. Arbeidet er utfordrande, og ingen dagar er like.
57-åringen kjem til Austevoll etter ni år som sokneprest i Os, men dialekten hennar avslører fort at ho stammar frå sørlegare trakter.
– Eg kjem frå Klepp på Jæren, og har budd stoler delar av livet på Sola.
Å leva nær havet er altså noko soknepresten er vane med.
– Eg likar å sykla og gå turar, og gler meg til å bu nær havet i Austevoll, seier Anne-Marie, som har ektemannen med seg til kommunen når ho byrjar i ny jobb på nyåret. Dei tre vaksne barna deira er for lengst flytta ut av reiret, og Anne-Marie kan stolt fortelja at ho er bestemor til to, begge på under fire år.
– Eine barnebarnet har eg så nært som i Fana, medan yngstemann bur på Sola. Fritida nyttar eg både til å vitja og sjølv få besøk av familien min, fortel den komande soknepresten i Austevoll.

Tekst: May Linn Clement.
Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes, Os og Fusaposten.