nov 082013
 

Klokka 1730 på fredag lyt alt vera på plass for Heidi Hille Arnesen om ho skal sikra seg edelmetall på peishylla.

– Eg vert skuffa om ikkje eg får sølv eller gull, fortel styrkeløftaren som er rekna for å vera tredje-favoritt til verdmeisterskapen. Alle skadar er handsama, alle treningane minus éin er unnagjort, og Hille Arnesen har allereie vore på eit utal stemner i år, så ho har god kontroll på formen.

– Ti kilo over rekorden vil eg klara, og eg trur det går i både knebøy og benkpress.

Hille Arnesen ser føre seg eit samanlagd resultat på 615 kilo, og muskelmassen er godt i rute, så då er det berre konsentrasjonen som må halde.

– Det er lett å verta litt gira, så eg må halde hovudet kaldt.

God teknikk og kontroll under løftinga er heilt avgjerande for å få godkjende løft, noko heimesupporterane kan sjå direkte her:

http://new.livestream.com/accounts/5108687/events/2523189