nov 212013
 
Lykt 1

Bilen til venstre har lovleg bruk av tåkelys, medan til høgre er køyrelysa på saman med tåkelysa og såleis ulovlege. Tåkelysa er lyktene nedst på bilen.

Det handlar ikkje berre om å ha lys på bilen, men òg å nytta rette brytaren før ein legg av garde i vettermørkret.

Politiet i Austevoll oppmodar bilistane i soknet om å gjera ein ekstra vinterførebuing på bilen utover å strekka ut kabelen til motorvarmaren. Ein liten tur framføre køyretøyet på kveldstid vil kjapt syna om lyktene er i forsvarleg stand, og med ein meterstokk kan ein sikra seg mot eit førelegg for dårleg dekkstand. Det er jo om du har skifta til vinterdekk, altså.
– Ein av dei tinga me sjekkar rutinemessig ved ei trafikkhending er tilstanden på dekka, og er dei dårlege risikerar ein å verta meldt på staden. For ikkje å snakka om konsekvensane det vil få hjå forsikringsselskapet, fortel politibetjent Fredrik Olsson. Regelen er i dag minimum tre millimeter djupne på spora i dekka, noko som er nytt for sesongen.

Det er dei to symbola midt på biletet ein skal sjå etter for å finna ut om tåkelysa er på eller av. Ulike bilar har ulike brytarar, men symbola er like.

Det er dei to symbola midt på biletet ein skal sjå etter for å finna ut om tåkelysa er på eller av. Ulike bilar har ulike brytarar, men symbola er like.

Rett lyktenytting
Dei mykje omtala grøftelysa, eller tåkelysa, er ofte å sjå på kveldstid, og forutan den uheldig blendinga dei fører med seg, kan dei resultera i eit førelegg på 2 000 kroner.
– Køyrer ein utan lys, eller med feil lys vert bota den same. Regelen er at tåkelysa skal nyttast når det er skodde, og saman med parklysa, ikkje køyrelysa.
Olsson demonstrerer på politibilen korleis det skal sjå ut, og forklarar at køyrelysa vil berre lysa opp skodda framføre bilen, og såleis gjera sikten verre enn utan lys i det heile.
– Tåkelysa lyser opp vegbanen rundt bilen, og vert som ein mellomting mellom køyrelys og langlys for møtande trafikk.
Men utan skodde er dei ikkje lov å nytta, om det er aldri så mørkt. Olsson meiner at mange av dei som køyrer med lysa på i Austevoll, gjer det utan å vita om det, så etter at bilen er inspisert på utsida bør gjerne brytarsituasjonen på innsida òg undersøkjast. Politibetjenten si vurdering av bilparken i Austevoll er at han er av høg standard, og det er få bilar som har vanskar med lyktene utover ei og anna pære som er gått.
– Noko av det farlegaste er når bilar har eitt lys som er sterkt og eitt som er sløkt, og det sterke er mot grøfta. Då ser bilen ut som ein motorsykkel, og halve bilen er skjult i mørkret for den møtande trafikken. Eg vil råda bilistane til å investera i 1 000-meterar, eller ekstralykter som mange kallar dei.
Desse ekstralampene vert montert saman med langlysa, er lovlege, og gjev ein heilt anna sikt meiner svensken som har med seg erfaringa frå heimlandet der ekstralamper er mykje brukt.

Marius L. Fimland