nov 222013
 

Det var tre 23 år gamle menn frå Austevoll som natt til i dag kolliderte med eit frakteskip ved Askøy. Éin av dei tre er kritisk skadd.

– Eg kan slå fast at dei tre mennene alle er austevollingar, seier politiinspektør Tore Salvesen ved Bergen Vest politistasjon til Marsteinen.
For ein av 23-åringane er tilstaden kritisk, ein er alvorleg skadd medan tredjemann har lettare skadar, melder Helse Bergen fredag føremiddag.

Heilt knust
Klokka 04.05 fekk politiet i Hordaland melding om at ein fritidsbåt hadde kollidert eit frakteskip i Byfjorden. Saman med brannvesen og fleire ambulansar rykka politiet ut med store mannskap til Kjøkkelvik ved Askøybroen. Redningsskøyta RS «Kristian Gerhard Jebsen», som held til på Kleppestø på Askøy, kom òg til staden.
– Fraktebåten hadde berre fått nokre skrapemerke, men daycruiseren var heilt knust i baugen. Me skjønte fort at det hadde vore ei påkøyrsel i stor fart, seier kaptein Alfred Aastrøm til NRK.