nov 282013
 
Glede 2

Hans Magnus (14) ville gleda onkel og tante med å passa på dei yngre søskenbarna sine førre fredag. 65 000 elevar på landsbasis var med på MOT sin gledekampanje.

– Kvifor er det flaut å gleda ein framand? Fordi me er for dårleg trente i det! var meldinga frå folkehelsekoordinator Regina Njåstad Vestrheim. Fredag i førre veka fekk elevar, og vaksne for den del, i oppdrag å gå ut og gleda.

Glede3

Nye skulesekkar til alle elevane stilte næringslivet i Austevoll med for så frø til framtidig rekruttering.

På Austevoll ungdomsskule var regionsleiar i MOT, Martin Aas, på pletten att for å hjelpa den nye MOT-kommunen med den fyrste glededagen. Å tenka enkelt var viktig, men det var òg lov å tenka smart.
– Ein elev på ein anna skule gav ut vaflar mot at mottakaren lova å gleda nokon andre, fortel Aas, og i historia var det særskilt ei gamal mor som fekk ein uventa telefon frå ein dresskledd son som utmerkte seg. Elevane på ungdomsskulen hadde på si side mykje likt og mykje ulikt i planane for dagen. Støvsuging, middagslaging, kakebaking og barnepass gjekk att innafor heimen, og det var fleire besteforeldre som kunne venta seg både blom og gjestebod. Håkon og Magnus på 13 år hadde derimot planar om å prakka på ein bussjåfør både blom og sjokolade. Kvifor nett det? Han har gjerne fortent det etter mange år med dei som passasjerar, lo dei.

Ein bussjåfør gjekk ein sjokoladefyllt dag i møte i fylgje bordet med 13-åringar på Austevoll ungdomsskule.

Ein bussjåfør gjekk ein sjokoladefyllt dag i møte i fylgje bordet med 13-åringar på Austevoll ungdomsskule.

Alle får sitt
To jenter hadde så vel tenkt å taka seg ein tur til Bergen og spandera middag på ein heimlaus, men fekk ikkje gjennomført planen dette året. Lettare var det gjerne for moroklumpen som hadde tenkt å kjøpa seg ein Grandiosa, steika han, eta han sjølv, for så å rydda opp etter seg. Men det synte seg at gleda ikkje berre gjekk utover, men elevane skulle få sitt òg. Austevoll kraftlag, Sjøtroll havbruk og Austevoll Seafood hadde gått i spleiselag, og kvar elev fekk kvar sin nye skulesekk med MOT-logoen på.
– Fråflytting er eit enormt ressurstap for oss, og me tykkjer det er viktig å investera i ungdomen for få dei attende i framtida, fortalde Hege Lauvik, marknads- og økonomidirektør på Austevoll kraftlag. Ho meinte det er lett å støtta oppunder eit så velorganisert tiltak som MOT.

Lærarane vart heller ikkje gløymde på gledesfronten.

Lærarane vart heller ikkje gløymde på gledesfronten.

Elevane hadde òg ordna internt med underhaldning for dagen, og fekk synt fram nytt og lovande talent i ei praktfull framføring av Amanda Lovise Fagerbakke. Elida Waage og Renate Naustheller synte òg at talenta er på utvikling rette vegen med songframføringarane sine, og publikum sat lydhøyre med talehola fulle av hot-dogs og pinnesnop. Ein niandeklassing hadde visst finne ut at han ville gleda alle på trinnet med ein kjærleik-på-pinne kvar. Lærar Astrid Fagerbakke på si side meinte ho hadde gleda mangeårig kollega Gunnveig Wetteland med å koma på jobb på fridagen sin, og så fort ho hadde sagt det fekk ho visst litt glede ho òg, i form av ei trolldeigkake til lærarane.

 

Marius Løbø Fimland