des 052013
 
Mountain bike

Illustrasjonsfoto. iStockPhoto

I eit skriv frå Trygg trafikk kjem det fram at 26 prosent av skulane i Noreg ikkje har klare retningslinjer på hjelmbruk i skuletida, og Austevoll er å finna i den gruppa, særleg når det kjem til skuleveg.

Per i dag har ikkje kommunen klåre overordna retningsliner på trafikktrygging i skuletid, delvis av di skuletid er eit laust definert omgrep.
– Skulane kan krevja av elevane nyttar hjelm i skuletida, men skuleveg er ikkje rekna for skuletid. Derimot er det skulen si forsikring som gjeld på skuleveg, så det er ikkje godt å vita om skulen har heimel for å pålegga hjelm eller ikkje, fortel Arne Aase, distriktsleiar i Trygg trafikk. Han understrekar at det til sjuande og sist er opp til foreldre å sjå til at barna er rusta forsvarleg med hjelm.
Kommunalsjef Per Olav Sørås stadfestar at det ikkje er eit overordna trafikkdirektiv for skulane i Austevoll, men kjenner seg òg litt overraska over at det ikkje er ei sjølvfylgje med hjelm på skuleveg. Han vil freista å taka opp emnet på leiarmøte i skulane over nyttår.

Sterk variasjon
– Me har på det meste mellom ti og 15 syklar i stativet vårt, nok som utgjer om lag fem prosent av elevane, seier rektor på Austevoll ungdomsskule Tor Grini. Han dreg ein parallell til mobilvanskane som tidvis har vore på skulen, og korleis dei har handsama dei.
– Me har i utgangspunktet ikkje lov til å draga inn mobiltelefonar om dei vert brukt i timane, men etter samtale med FAU har vi fått opning for å gjera nett dette.
Han ser ei potensiell lik løysing på hjelmsituasjonen om elevane ikkje vil retta seg til eit framtidig hjelmpåbod, men er lik som Aas uviss på heimelen til skulevegen.
På Trolandshamar har mest halvparten av skulen sykkel under seg på skulevegen, men takka vera sykkelmiljøet mellom dei vaksne på øya, har førebileta til elevane synt at det er ein del av proff sykkelutrusting å ha hovudpakning. Rektor Vibecke Storebø fører ein streng praksis på hjelmbruk i skuleregi, men ser at det er sjeldan hjelmen ikkje er på utanfor skuleplassen òg.

Farlege høve
– Me har veldig få som syklar, færre enn ti av 150 elevar, fortel rektor på Selbjørn skule, Trygve Fjeld. I Bekkjarvik har dei fleste fått skulevegen sin klassifisert som særleg farleg av kommunen, og tek difor offentleg transport. Såleis vert det berre dei få som bur rett i nærleiken som kan sykla. Skulen har ein trafikkplan som heilt klart påbyr hjelm i skulesamanheng, og saman med FAU har dei definert ei aldersgrense for sykkel på skuleveg, men Fjeld ser helst at trafikkplanen kjem til revisjon snarast.
– Det har vore så mykje endringar på skuleområdet vårt, at denne planen er utdatert i dag.

Marius L. Fimland