des 092013
 
"Marstein" la til kai for eigen maskin etter å ha komme seg av grunn på Tobbeholmane.

«Marstein» la til kai for eigen maskin etter å ha komme seg av grunn på Tobbeholmane.

Ferja «Marstein» gjekk i ettermiddag på grunn ved Husavik, like før klokka 18:00. Passasjer Bjarne Brevik sat i salongen då ferja støytte på grunn ved Tobbeholmane.

– Det vart ein brå stogg, men eg opplevde ingen dramatikk, seier Brevik som var med ferja saman med eit arbeidslag frå entreprenørselskapet Sagenes.

Lensmann Per Nordstrand fortalde til lokalavisa at evakueringa med snøggbåten «Tedno» hadde gått smertefritt, og en dryg time etter grunnstøyttinga la «Marstein» til kai for eigen motor.

Skadeomfanget på «Marstein» som normalt trafikkerer Krokeide – Hufthamar som aktiv suppleringsferje er enno ikkje kjent.