des 162013
 
Håvard Brekke Haugland fekk kulturprisen for det store arbeidet sitt med Havfest.

Håvard Brekke Haugland fekk kulturprisen for det store arbeidet sitt med Havfest.

Håvard Brekke Haugland fekk i dag Austevoll kommune sin kulturpris for 2013 for arbeidet med Havfest. Festivalsjefen held no på med å førebu den femte festivalen i Gamle prestegardshagen.

– Eg må innrømma at det kom ei lita tåre i augekroken, sa hovudpersonen til lokalavisa etter at gåvesjekk, blomar og vase med godord var motteke frå ordførar Renate Møgster Klepsvik.