des 192013
 
Geir Bergflødt, Torvald Haugland, Alf Magne Dale og Oddvar Stangeland frå Lions klubben, saman med Bodil Skjerve frå XL-bygg og folkehelsekoordinator Regina N. Vestrheim.

Geir Bergflødt, Torvald Haugland, Alf Magne Dale og Oddvar Stangeland frå Lions klubben, saman med Bodil Skjerve frå XL-bygg og folkehelsekoordinator Regina N. Vestrheim.

Dei aller fleste lårhalsbrota skjer like utanfor inngangsdøra til folk. Dette vil Austevoll kommune saman med den lokale Lions klubben og Trelasten gjera noko med.

I løpet av dei komande dagane vil alle heimebuande austevollingar over 80 år få besøk av representantar frå Lions klubben på døra. Med seg har dei ei bøtte med strøsand.
– Saka vart diskutert i eldrerådet for ei tid tilbake, og då sa eg vel noko slikt som at om sanden vart skaffa, skulle Lions køyra han ut. Det var før eg hadde forhøyrt meg med klubben, men eg rekna med det gjekk greitt, seier Oddvar Stangeland blidt. Og han hadde rett, allereie i dag var dei fire som var klare til å køyra ut bøtter med sand.
– Eg er pensjonist sjølv, og synest det berre er kjekt å kunna hjelpa til i nokre dagar, seier Torvald Haugland, som skal forsyne dei eldre Storebø-regionen.

Ha bøtta inne
Strøsand-prosjektet er eit samarbeid mellom Lions klubben, XL-bygg og Austevoll kommune. Kommunen skaffa sanden, og sende ein førespurnad til Trelasten om dei kunne hjelpa til med bøtter.
– Dei femti fyrste betalte Trelasten for, medan me fekk dei ytterlegare 200 for innkjøpspris. Dette er ein kjempedeal, seier folkehelsekoordinator i kommunen Regina Njåstad Vestrheim.
Torvald meiner det er viktig å poengtera at dei som får bøtta, må plassera henne inne i gangen.
– Står ho ute, fyller ho seg med vatn. Om du må ut isen for å hente bøtta den dagen du treng strøsand, er vitsen borte, seier den ivrige Lions-mannen. Oddvar er heilt samd, og har friskt i minne ei hjerneristing han sjølv fekk for nokre år sidan, då han skulle ut i bilen for å henta sand.
– Heile 90 prosent av lårhalsbrota skjer i heimen eller like utanfor inngangsdøra, seier Regina.
– Dersom det er nokon under 80 som òg ynskjer sand, er det berre å gje beskjed, avsluttar folkehelsekoordinatoren.

Journalist May Linn Clement