des 202013
 
"Gardar" er seld, og får ein erstattar i gamle "Serene", bygd i 1998.

«Gardar» er seld, og får ein erstattar i gamle «Serene», bygd i 1998. Foto: Olav Endre Drønen.

Reiarlaget K. Halstensen har seld ringnótaren «Gardar» til Grønland. Fiskarane frå kajakken sitt heimland var på jakt etter eit skip med fabrikk om bord, noko den austevollske båten hadde.

– Me har sett at me sjølve ikkje har fått nok utbytte av fabrikken om bord. Vidareforedlinga har ikkje kasta nok av seg, seier reiar Inge Halstensen og viser til stoda i landindustrien som heller ikkje driv med store marginar.

Grønlendarane har lagt gamle «Serene» inn i landelen i tillegg til dei reine pengane. Dermed får Halstensen-reiarlaget framleis ein båt med det tradisjonsrike «Gardar»-namn i baugen. Denne fiskebåten er bygd i Flekkefjord, og fiskar fram til 2006 for eit shetlandsk reiarlag.

– Båten er godt heldt, og ligg no i Danmark for å verta klassa, seier reiar Halstensen til Marsteinen.