des 212013
 

orjan lions
Det var fleire som ville heidra Austevolls eigen kjendiskokk Ørjan Johannessen på Bekkjarvik torg i dag. Fyrst ut var Geir Bergflødt frå den lokale Lionsklubben, som hadde ein heiderspris med til kokken. Prisen vert år om anna delt ut til ein austevolling som har sett kommunen sin på kartet.
– Det var eit lett valg for oss å gje prisen til Ørjan, som har gjort ein framdragande jobb for å setja Austevoll på kartet, sa Bergflødt og overlevrte kokken ein kvast og 5 000 kroner.
Like etter var det kommunen, sterkt representert av både ordførar og varaordførar, som viste sitt engasjement for Johannessen, som om nokre månadar skal kjempa i EM Bocuse d’or, Stockholm.
– På måndag vart det vedteke at kommunen òg i år vil støtta deg med 100 000 kroner for det vidare arbeidet ditt, sa ordførar Renate Møgster Klepsvik og la til at ho gjerne nytta høvet til å smykka seg med den nye ordførarkjeda si.
Både før og etter utdelingane spelte familien Weløy saman med trekkspelar Norvald Haukanes opp til julestemning i senteret.
orjan 100 000

weloy

punlikum