des 232013
 

vivian01
I dag trer Vivian Bjånesø Horgen formelt inn i stillinga som rektor ved Austevoll vidaregåande skule.
– Eg er svært audmjuk i den nye stillinga. Det vert store sko å fylla, seier 39-åringen og viser til mangeårig rektor og nære kollega Håvard Rabben, som gjekk bort i september. Saman med nypensjonerte Svein Aasebø, som det siste halve året har vore fungerande rektor ved skulen, var Rabben ein utmerkt mentor for Horgen.
Vivian B. Horgen har vore tilsett ved Austevoll VGS sidan 2007, og i nærare seks år som avdelingsleiar ved skulen. Den fyrste arbeidsoppgåva ho må ta tak i på nyåret, er å tilsetta nokon i den gamle stillinga si.

Les meir om den nye rektoren i fyrste Marsteinen i 2014.