jan 162014
 

For ringnótfiskeria åleine i 2013 omsette austevollingane for 426 millionar kroner mindre enn i toppåret 2011.

 

2013 vart eit år med store inntektsreduksjonar for mange reiarlag. Med det fører det seg utfordringar for å halda på mannskapa, trur "Talbor"-reiar Arne Birkeland. Foto: Olav Endre Drønen.

2013 vart eit år med store inntektsreduksjonar for mange reiarlag. Med det fører det seg utfordringar for å halda på mannskapa, trur «Talbor»-reiar Arne Birkeland. Foto: Olav Endre Drønen.

Etter fleire år med oppgang i omsettinga, vart det i forfjor ein korreksjon i omsettinga i den pelagiske sektoren. 2013 vart likevel ein stor nedtur for denne flåtegruppa. Frå toppåret i 2011 vart inntektene til om lag 71,8 prosent av dei 1,3 milliardar kronene. I fjor stod ringnotflåten att med ei inntekt på 963,1 millionar kroner.

«H. Østervold» er eit fartøy som i likskap med kollegaane i flåten må konstatera ein reduksjon i inntektene. Skipper Carl Henrik Østervold tek det heile med stoisk ro.

– Det er diverre slik at det er lite å gjera med reduksjon i kvotar og pris på same tid, men me vonar på oppgang i 2014. Meir kolmule og makrell kan spela positivt inn, seier skipperen.

Reduksjon av inntekter fører ikkje berre til reduksjon i botnlina til reiarlaga, det gjev òg andre utfordringar, kan reiar Arne Birkeland fortelja.

– Store inntektstap fører til at me kan byrja å slita med å halda på det gode mannskapet vårt. Brått kan det vera betre betalt å reisa på offshorefartøy i staden, seier reiaren bak fartøya «Talbor» og «Birkeland». Reiarlaget har arbeidd lenge med å ha gode tilhøve for to skift om bord i båtane sine, noko som altså vert meir krevjande om ikkje pilene peikar oppover igjen.

Birkeland legg til at det veks ein djup frustrasjon i den pelagiske næringa knytt til den uløyste tvisten om makrellen, og at indikasjonar på makrellbestanden er langt større enn det som ligg til grunn når Det internasjonale havforskingsrådet, ICES, legg fram tilrådinga si. Birkeland meiner at ein må koma Færøyane og Island noko i møte.

– Me kan ikkje sitja i glashus. Historisk sett har Noreg òg drive for å hevda retten sin i forhandlingar om fiskerettar, seier Birkeland, som legg til at tvisten om makrellen har gjort at avtaler om fangst av artar som nordsjøsild og komule òg har drege ut.

 

Noko positivt

Nokre reiarlag kan likevel melda om lyspunkt. «Knester» har mellom anna fullstrukturert fartøyet, og kunne med ei basiskvote på 650 tonn melda om ei oppgang i inntektene. Drønen Havfiske har sidan april fiska «Haugagut» sine kvoter med «Storeknut», grunna nybygget som er tinga frå Danmark.

– Me har dermed langt lågare driftskostnadar enn i 2012, og botnlina vert nokolunde lik, seier Nils Arve Drønen på reiarlagskontoret. Vakennetter vert det heller ikkje mange av med nybygg på beddinga og dei låge prisane for augneblinken.

– Reiarlaget har lite gjeld, og har alltid vore forsiktige, så dette prisfallet klarar me godt, seier Drønen til lokalavisa.