jan 302014
 

Fastlege Sverre Rørtveit er med i utvalet som skal koma med forslag til betringar i den akuttmedisinske kjeda.

Fastlege Sverre Rørtveit er med i utvalet som skal koma med forslag til betringar i den akuttmedisinske kjeda.


Akutt helsehjelp i Noreg skal betrast. Fastlege Sverre Rørtveit vonar resten av landet skal verta meir som Austevoll.

Den akuttmedisinske kjeda, det vil seia lege, ambulanse, legevaktsentral, AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) og akuttavdeling ved sjukehus, har slik ho er i dag fått kritikk. Difor har Helse- og omsorgsdepartementet sett ned eit utval på 14 personar frå heile landet som saman skal utarbeida eit forslag til nasjonale endringar i akutt helsehjelp. Sverre Rørtveit er ein av desse.
– Eg har arbeidd spesielt med legevakttenesta si evne til å samarbeida med ambulanse og pasientar i akutte tilfelle, og har òg drive forsking på feltet, seier Rørtveit som har vore lege i Austevoll i 33 år.

Meir som Austevoll

Målet for fastlege Sverre Rørtveit er at det akuttmedisinske tilbodet i resten av landet skal verta litt meir likt det me har Austevoll.
– At legane rykkjer ut til akutt sjuke pasientar, at dei har høgare kompetanse i akuttmedisin og at dei trenar saman med ambulanse, er noko eg vil satsa på å få som nasjonale krav, seier Rørtveit. På desse områda ligg Austevoll framfor store delar av distriktsnoreg, noko som er kjent i fagmiljøa.
– Legevaktdistrikta i Noreg vert større og interkommunale, noko som betyr at fleire kommunar delar på éin legevakt, forklarar Rørtveit. Eit døme er i Sunnfjord, der legevakta i Førde skal dekkja over ni kommunar, frå Hyllestad i vest til inst i Sogn.
– Utrykking skjer nesten ikkje. Akutt sjuke pasientar må i dei aller fleste tilfella møta opp i Førde. Dette er eit mønster som har utvikla seg dei siste åra, og mange av kompetansemiljøa som vurderer legevakttenestene i landet er skeptiske til at sentraliseringa er gått forlangt.

Fyrste gong på 15 år

Innan hausten 2015 skal utvalet vera klare med forslaga sine til forbetring. Helse- og omsorgsdepartementet har bede spesielt om at dei skal sjå på legevaktordninga og frivillige organisasjonar, som Raudekrossen og Norsk folkehjelp sine roller i den akuttmedisinske kjeda. Dette er fyrste gong sidan 1998 at styresmaktene set i gang ein større heilheitleg gjennomgang av den akuttmedisinske kjeda.
– Det har dei siste åra vorte fokusert mykje på ambulansearbeidet, der mellom anna utdanning og kompetanse hos mannskapet er vorte eit krav, seier Rørtveit, som meiner det er positivt med eit statleg fokus på legearbeidet i akuttmedisin.