jan 302014
 
Adrian Severin William Våge sendte den faste journalisten i eksil, og fann seg godt til rette i Marsteinen denne veka.

Adrian Severin William Våge sendte den faste journalisten i eksil, og fann seg godt til rette i Marsteinen denne veka.

17-åringen Adrian Severin William Våge har siste veka vore på utplassering hjå Marsteinen frå media og kommunikasjon-lina på Stord vidaregåande skule. Han reknar med dette vil gjere utslag på journalistikkarakteren.

– Eg er ikkje viss på kva felt innafor media eg vil jobba med, men eg har sett føre meg film, seier aspiranten. Eitt år til på skulen vil opna for universitetsstudier, men kor i verda veit ikkje stolmaren enno. På ei dryg veke har han i alle høve gjort seg ein del nye erfaringar som han skal ha med attende i skulesekken.
– Nikon-kamera er eg ikkje god på, ler han, og fortel om ei nærast panikkslagen oppleving då han ikkje fann nokon av dei rette knastane på oppdrag. Å vera varsam med kva som vert skrive og går i trykken har han òg fått ei meir føling med etter å ha vore med på ulike oppdrag, noko han har fått undervisning i på skulen, men no har sett i praksis.
– Eg ser at det går an å skriva avisartiklar på ulike måtar for å få fram bodskapet, at det er ulike sjangrar på eit vis.
All frykt for å svara telefon lyt ein legga kjapt bak seg i lokalavisa, skjønt stolmaren har opplevd eit litt mindre stressfylt miljø enn han hadde sett føre seg.