feb 062014
 

Kongen 1 alt
Ein intensjon om eit glas sild og ein røykemakrell til 70 kroner, vert på uforklarleg vis til to boksar matjes, eit glas karrisild, eitt med sennepssild, ei bok, ein røykemakrell, litt ekstra sild, ein rattkjelke, 900 kroner ut av lommeboka og ei kjensle av å ha gjort det beste kuppet gjennom tidene. Sildakongen er på øya.