feb 202014
 
Ny kommunalsjef straks på plass.

Ny kommunalsjef straks på plass.

Austevoll kommune har no tilsett Ruth Larsen (54) som ny kommunalsjef for utvikling og forvaltning. Larsen etterfylgjer Helge Skugstad, som for kort tid gjekk over til å verta rådmann i kommunen.

Den nye kommunalsjefen er busett i Bergen, men kjem opphavleg frå Haugesund. Ho har brei yrkeserfaring frå både privat og offentleg sektor, og har mellom anna leiarerfaring som assisterande banksjef.

Ruth Larsen trer inn i rolla som kommunalsjef den 3. april.

– Eg trur me får ein solid og god medarbeidar i henne, seier rådmann Helge Skugstad.

Det var elleve søkjarar til stillinga.