feb 202014
 

Slektsgransking er blitt ein populær hobby for mange, særleg når kveldane er mørke og lange. Det er mange måtar ein kan driva med dette på, anten ein nøyer seg med eit lite slektstre eller tek til med større prosjekt.
Data og internett har gjort slektsgransking lettare enn nokon gong. Det er enkelt å leita fram opplysningar om farne slekter, og å leggja opplysningane inn i eit dataprogram går som ein leik. Men for å få mest mogleg ut av hobbyen er det likevel greitt å ha førehandskunnskapar og ein plan for arbeidet.
Knut Rage, som er biblioteksjef i Tysnes kommune, kjem til Austevoll folkebibliotek og held kurs i slektsgransking ved hjelp av data. Kurset er berekna på nybyrjarar, eller for dei som har kome eit stykke på veg. Rage vil fortelja om korleis ein kan nytta internett til å finna opplysningar, og kva som finst tilgjengeleg av dataprogram. På kurset vil dei av deltakarane som har med eigen datamaskin få prøva slektsprogrammet Legacy i gratisversjon, melder folkebiblioteket i ei pressemelding.