feb 202014
 
Aleksander Sørvik, Gaute Helland Vik, Nina Algrøy, Ernst Martin Veivåg, Cecilie Veivåg, Herman Fedøy, Lucas Instefjord, Lars Heine Gjuvsland, Mathilde Veivåg, Magnus Uglenes, Thorben Glesnes Seievåg og Lisa Therese Moshagen ynskjer at speidargruppa skal bestå.

Aleksander Sørvik, Gaute Helland Vik, Nina Algrøy, Ernst Martin Veivåg, Cecilie Veivåg, Herman Fedøy, Lucas Instefjord, Lars Heine Gjuvsland, Mathilde Veivåg, Magnus Uglenes, Thorben Glesnes Seievåg og Lisa Therese Moshagen ynskjer at speidargruppa skal bestå.

Speidargruppa i Austevoll eksisterer på hengande håret. Mange barn vil vera med, men utan hjelp frå vaksne, er det vanskeleg å driva fritidstilbodet.

 

– Tau, og ein speidarkniv, svarar Cecilie Veivåg (12) kjapt på spørsmålet om kva ein alltid bør ha med seg på tur. Ho har gått på speidaren i om lag eitt år, og synest det er svært lærerikt.

– Me er stort sett utandørs og gjer ulike aktivitetar. I dag lagar me båre. Det er lurt å kunna dersom nokon skadar seg på tur, seier ho og festar to trestammer saman med eit halvstikk.

 

Vil kursa vaksne

I Vinnesvågen samlar tjue speidarar seg annankvar tysdag. Der lærer dei ulike triks og tips til korleis ein kan verta litt meir sjølvhjelpen i naturen. Problemet for speidargruppa er berre at ho manglar vaksne leiarar.

– Det går ikkje med to vaksne og 20 barn, seier Jeanett Kjellevold.

Saman med Øyvind Fedøy er ho i dag den einaste som arrangerer speidarmøte for barna. Kor lenge det varer, veit ho ikkje.

– Kanskje nokon vegrar seg for å vera leiar fordi dei ikkje kan alt dette med knutar og slikt, men det er ikkje meining at alle skal klara det same. Nokre er gode på song, andre segling, nokon kan ballspel, andre fiske. Målet er å utvikla heile mennesket, seier Kjellevold.

Dagleg leiar i Hordaland speidarkrins, Endre Helland, seier at dei gledeleg kjem ut til Austevoll for å kursa vaksne til å verta leiarar.

– Det går mellom anna på korleis ein kan bruka nokre timar i veka på speidaren, i ein elles travel kvardag. Me har klart det 38 andre stadar i Hordaland, så kvifor ikkje i Austevoll òg.

 

Sjeldan, men gøy

Nina Algrøy (12), Mathilde Veivåg (11) og Lisa Therese Moshagen (12) er nesten ferdige med båra si, og Mathilde legg seg oppå for at dei skal få prøva henne ut. Ho vert festa til båra både over overkroppen og beina, slik at dei enkelt skal kunna snu og venda på båra utan at ho fell av.

– Det mest nyttige me lærer er nok alle knutane, og korleis skal bygga opp eit bål for å fyr i det med ein gong, seier Lisa Therese.

Dei tre jentene har vore med i speidaren i like over to år, og ynskjer ikkje at tilbodet skal ryka med.

– Det er keisamt at det berre er to vaksne med, for ein må venta slik for å få hjelp når ein treng det, seier Mathilde.

Då dei fyrst byrja var samlingane kvar veke, medan det no er redusert til annankvar.

– Det synest eg er dumt, for det er veldig kjekt her. Men når me fyrst møter kvarandre, har me det gøy saman, seier Lisa Therese.

 

av May Linn Clement