feb 212014
 

brua01
Rundt Vinnesvatnet skjer det saker og ting, sjølv i travlaste OL-tid. Dei siste dagane har engasjerte menn frå bygda byrja brubygging frå land og til ei av øyene i vatnet.

– Til høgre her ligg Island, og dette er Grønland, seier Terje Vinnes humrande og peikar på øya om lag 30 meter frå land. Endå lenger vekke, er Amerika.
– Det var dette me kalla øyene for då me var mindre. Då stod me på skeiser over heile Nord-Atlanteren, legg Oskar Heimark til.

Òg for rullestolar
Medan folk flest kanskje bruker fridagane sine på OL, er det dugnadsarbeid rundt vatnet som står høgst i kurs hos desse karane. Dei siste dagane er det bora mange 70 centimeter djupe hol i berga på både fastlandet og øya, og i dag armeringsstål støypt fast i desse. Øystein Fammestad, leiaren i vellaget og ivrig dugnadsarbeidar, fortel at hengebrua til Grønland vonleg er klar i løpet av sommaren.
– Me kan i alle fall garantera snorklypping her før brua over Langenuen, seier Fammestad og ler godt.
brua02
– Når brua er klar skal me setja opp ei grillhytte på holmen, med plass til 24 personar. Hytta er allereie kjøpt inn, fortel han i det han tek journalisten med på ein kjapp båttur ut til den vesle øya. Brua ut vert 1,60 brei, og skal som resten av løypa rundt vatnet, vera lett å koma over med rullestol.
Mykje av utstyr og material er sponsa av bedrifter i Austevoll.
– Neste prosjekt etter brua, vert tunell frå Grønland til Amerika, skrønar Oskar til lott over kaffikoppane til karane.

Tekst og foto: May Linn Clement