feb 242014
 
Seld til Island i byttehandel: "Malene S".

Seld til Island i byttehandel: «Malene S».

Reiarlaget Skårungen AS sel «Malene S» til Island. Avtala fører med seg at dei samstundes får gamle «Staaløy» attende. Reiar Malene Skår medgjev at dei sel båten med tungt hjarte, men at dei stod overfor eit vegval.

– Samstundes med at fiskeria ikkje har vore gode etter at me fekk nyebåten levert i desember 2012, har me hatt eit ynskje om å auka kvotegrunnlaget i reiarlaget. Dette har me no frigjort kapital til, samstundes som båten me får attende er eit godt grunnlag for å utvikla oss vidare på, seier reiaren til lokalavisa.

Skår ynskjer ikkje å gå nærare inn på tala som ligg inne i kontraktane.