feb 272014
 
Likeins med Mons Melingen og dei andre karane i bedehuskjellaren, skal ikkje skribenten på fjellet. Verken i vinter-, påske- eller potetferien.

Likeins med Mons Melingen og dei andre karane i bedehuskjellaren, skal ikkje skribenten på fjellet. Verken i vinter-, påske- eller potetferien.

Dette skulle eigentleg verta ei koseleg, stereotypisk lokalavissak om barn som leikar i vinterferien. Heldigvis var det ingen barn å finna.

Snøklokkene har spretta opp i flokkar og minusgradene skimtar med fråveret sitt.
I tillegg har skulane teke ferie. Ein perfekt dag å oppsøkja fotballbanar for å snakka med barn, tenkte bladfyken. Eg dreg til Hundvåkøy. Der er barna så snakkeføre, dei kan nok fortelja meg ein ting og to om ein skikkelig vinterferie. Gleda av å kunna sitja på kaien og nappa etter fisk frå tidleg om morgonen og til mor i tolvtida roper ut av vindauga at No er bollane klare! Kom og et!
Men det vart med tanken. Etter journalistisk graving i mine eigne førestillingar og om lag ti minuttars leiting etter skulebarn, konkluderte eg med at foreldre over det ganske Austevoll hadde lese saka til Dagbladet med tittelen ”Endelig vinterferie! Sjekk hvor det er ledig til fjells”, som kom på nettet 14. februar (dagen då same nettavis proklamerte at ”Justin Bieber må tilbringe valentinesdagen i retten – Lite tyder på romantikk for stjerna”).
Eg trassa min eigen prokrastineringsregel, og sjekka kjelda Facebook i arbeidstida for å sjå om ikkje påstanden min kunne underbyggjast.
Mhm, joda, akkurat som eg tenkte, ja. Her har folk sjekka inn i såkalla hytter både i Myrkdalen, Hemsedal og på Kvamskogen.

Eg måtte tenkja i nye banar. Kvar finn eg folk, uansett kva ferie det måtte vera?
Så slo det meg. I grunnlovsjubileumsåret (puh!) og alt, kva er vel meir naturleg enn å snakka med dei som var unge i 1814, og hugsar korleis vinterferiane var då?
Eg gjekk til bedehuskjellaren på Storebø!
– Vinterferie? Me hadde potetferie, me, men det var om hausten, sa Magne Drønen.
– At dei skulle halda fast på potetferien då folk byrja å gå i butikken og kjøpa seg poteter, har eg aldri skjønt meg på, sa den pensjonerte rektoren Karsten Karlsen.
Barna i dag må i stor grad aktiviserast dersom dei skal gjera noko, det er me alle samde om.
– Gjev du ein unge ein kniv i dag og han skadar seg, jo då kan ein venta seg ei politimelding, sa Karsten Bjånesøy og karane humra og rista oppgitt på hovuda. Det var ikkje snakk om slikt før. Då skar dei seg på knivar, klatra i trea, og fall ned – enten det var vinterferie eller ikkje. Ein som budde nært sjøen hadde blåser festa til ungeflokken sin, slik at han lett kunne samla dei inn då dei lei mot kveld!
– Så lærte me styggasnakk frå dei som var eldre enn oss. Men det kan eg nok ikkje gjenta, det er i strid med den lutherske læra, medgav Bjånesøy med glimt i augo.

Når det fyrst skal vera vinterferie, er det ingen andre stadar eg vil vera enn i Austevoll. No kan eg ikkje snakka på vegne av verken vossingen eller hallingdølen, men eg tek til ordet for kvemmingen.
Eg er oppvaksen i Norheimsund, bygda som i slike vekelange feriar vert alt anna enn fredeleg for dei som bur der, grunna dei få minuttane til Kvamskogen. Og veit de kva, hyttefolk som ikkje ser seg råd til ein gong å ta av langrennskoa når de skal på shopping? De er ikkje så veldig godt likte. Hadde eg fått litt av styggasnakket frå Karsten, skulle eg nok klart å setja ord på kva eg meinte.
Eg trur hyttefolket kler seg opp for å reisa til Norheimsund. I nikkers, ullsokkar oppetter leggane, anorakkar frå 1960 og panneband frå vinter-OL på Lillehammer invaderer dei bygda med ingen annan hensikt enn å snika så til dei grader i køane på daglegvarebutikkane våre. Slikt er vel lov på landet? Me skal vel berre vera glade på handelsstanden sine vegne for at dei vil handla hos oss, trass i både bomstasjon og rasfare?
Nei takk, dra til fjellet den som vil (bli uglesett).
Gje meg heller ei fiskestong og ein bedehuskjellar. Eventuelt eit kjøleskåp og ein TV. For eg skal ingen stad!

May Linn Clement