feb 272014
 

EL02
El-overfølsame austevollingar er uroa over at kommunen no skal byggja to nye telemaster. Ordføraren seier at mobildekning er ein naturleg del i utviklinga av samfunnet, men vonar å imøtekomma behova til dei som ynskjer vern mot stråling.

Innandørs i heimane sine kan Linda Gjuvsland, Kari Berger og Laila Elin Stenevik i stor grad ferdast trygt. Elektromagnetisk stråling i den frie lufta gjer at dei må planlegga turane gjennom ytterdøra.