feb 282014
 
Arkitektane i Tippetue ser for seg det fyrste bygget nokolunde på denne måten, medan heile området kan utbyggjast trinnvis.

Arkitektane i Tippetue ser for seg det fyrste bygget nokolunde på denne måten, medan heile området kan utbyggjast trinnvis.

Etter mange år i bakevja, ser det endeleg ut til å skje ting på Sentrum Eiendom si tomt ved pleie- og omsorgsenteret på Storebø. Eigarane understrekar likevel at det er eit stykke frå visjonar til ferdig bygg.

 

– Me har ikkje kome lenger enn at me har nabovarsla det fyrste bygget i det me ser for oss som ein næringspark, seier Karoline Møgster som uttalar seg på vegne av Sentrum Eiendom. For augneblinken vert det arbeidd med å få inn leigetakarar i nokre av dei potensielle bygga på det 14 800 kvadratmeterstore området.

På tomta er det òg teikna inn grøntområde, leikeplassar og i planane for nokre av dei seinare byggjetrinna, er det òg teikna inn grøderike tak på bygningane. Sivilarkitekt Mette Rakner forklarar:

– Nokre av kvalitetane me er opptekne av å byggja opp rettar seg mot grøntområda, som me vonar vil tilføra kvalitetar òg for dei som bur på pleie- og omsorgssenteret. Dermed vil dei få fine område å opphalda seg i utandørs, seier ho.

Området som no har fått arbeidstittelen Storebøportalen, legg opp til trinnvis ekspansjon, og eigarane er allereie i dialog med interessentar, som kan gjera at to bygg kan realiserast i relativt nær framtid. Det fyrste bygget er i tre etasjar, med grunnflate som butikk med ovanliggjande kontor i to høgder.

Av Trond Hagenes