mar 032014
 

DS Stolmadamer
I dag var det opning av dagsenter-tilbodet ved Austevoll po-senter. Tre dagar i veka køyrer ein minibuss rundt og plukkar opp eldre austevollingar frå heimane sine, slik at dei kan vera med på arrangementa på Storebø.
Aslaug Aarland (snart 90) og Annemor Aarland (83) vart henta med bussen i Kvalvågen, noko som var til stor glede for veninna Karianna Sletten (81), som har fått fast plass på po-senteret.
– Eg venter jo på at dei skal få plass her dei òg, sa ho med eit lurt smil.

Les meir i Marsteinen på torsdag.