mar 062014
 

Elvira
Anbodrunden for vasketenestene i kommunen er avslutta, og heile to aktørar har levert tilbod. Den eine vart diskvalifisert på målstreken for ikkje å ha fylt krava for anbodet.

I føreskrifta for offentlege anskaffingar heiter paragraf 3-12 at oppdragsgiver kan begrense konkurransen til virksomheter hvor flertallet av de berørte ansatte er funksjonshemmede. Elite servicepartner var såleis ute av konkurransen, og Austevoll arbeidssamvirke stakk av med sigeren. Det kan òg nemnast at om Elite servicepartner hadde innfridd krava, var likevel ASV over ein halv million kroner rimeligare i tilbodet sitt, og leverte inn anbod på 4 457 966 kroner for oppvasken. I dette beløpet ligg òg vasking av den nye Selbjørnshallen, med sine 4 000 kvadratmeter ekstra golv, sjølv om partane har forhandla prisen ned til 4 300 000 kroner. Det er dette talet kommunestyret skal endeleg godkjenna i ettermiddag.
– Me har gjort ei langsiktig vurdering, og har sterkt fokus på dei tilsette sine vilkår. For det er hjå dei tilsette at utgifta ligg, seier driftsansvarleg for reinhald Johnny Haugland til avisa. Han er nøgd med at anbodet truleg kjem til heimkommunen, men understrekar at dei har levert eit anbod ut i frå forsvarleg kommersiell drift, ikkje idealisme. Han ser på prosjektet som ein mogleg siste skanse for dei tilsette som skal attende til vanleg arbeidsliv så vel som ei profesjonell teneste på sterk frammarsj. Austevoll arbeidssamvirke si reinhaldsavdeling har sidan den vart oppretta hausten 2009 vorte den største avdelinga i verksemda, og omset med anbodet for over 8 500 000 kroner i året.

Elvira Halaburda (biletet) og kollegaane i Austevoll arbeidssamvirke ser ut til å få travle kvardagar frametter, om kommunestyret vedtek rådmannen si tilråding om vasketenestene i Austevoll.

Marius Løbø Fimland