mar 072014
 
Vitjarane frå Lillesand meldte seg klar til å flytta inn i eldrebustadane i Bekkjarvik.

Vitjarane frå Lillesand meldte seg klar til å flytta inn i eldrebustadane i Bekkjarvik.

Dei nye bustadane i og over Bekkjarvik torg har for vel ikkje fått opna dørane før vitjarane står i kø. I går kom ein delegasjon like frå Lillesand for å sjå på eldrebustadane i Austevoll.

Eldrebustadar og strandsonepolitikk var opphavleg på agendaen då arbeidsgruppa for eldrebustadar i Lillesand vitja Austevoll, men diskusjonen svinga godt innom konkurranseutsetjinga av pleie- og omsorgstenestene og organiseringa av pleie- og omsorgssenteret. Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) og stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Helge André Njåstad, svarte i rotfesta lokalpatriotisme, før synfaringa med utbyggjar Inge Halstensen i spissen.
– Me skal byggja ei mengde nye eldrebustadar i tilknyting til eksisterande anlegg, fortalde ordførar Arne Thomassen (Ap) frå Lillesand, og i heile Noreg er det berre Austevoll som stod på reiseplanen. Etter vitjinga i Bekkjarvik skulle ferda gå vidare til Ålborg i Danmark. Modellen til Austevoll, der alt skal vera i gangavstand til senter og butikkar falt tydeleg i smak, og semja om å etablera ein butikk i tilknyting til eldrebustadane var samrøysta mellom sørlendingane.