mar 072014
 
Den nye epost-tenaren til Lysglimt tek ikkje meir plass enn ein DVD-spelar, men husar alle no @lysglimt.net-kontoane i Austevoll.

Den nye epost-tenaren til Lysglimt tek ikkje meir plass enn ein DVD-spelar, men husar alle no @lysglimt.net-kontoane i Austevoll.

Lysglimt har denne veka flytta e-posttenestene sine heim til Austevoll, og overgangen har ikkje vore heilt utan hovudbry.

Dei velkjende @lysglimt.net-adressene har sidan oppstarten vore ei framandteneste for internettleverandøren i Austevoll, og vore husa av det som i dag heiter Broadpark. I fjor fekk Lysglimt melding om at tenesta kom til å auka dramatisk i pris om Lysglimt ville halda fram som kunde. Då fatta dei slutninga om å flytta heile e-postsystemet heim til eigne tenarar.
– Det var ei vurderingssak om me skulle halda fram med e-posttenestar i det heile, men me fann ut at det vart for mykje storm om me skulle leggja ned, seier Arild Nilsen på Lysglimt, og dei valde å halda fram med gratistenesta.

Seige saker

Måndag klokka 0800 byrja overføringa frå dei gamle tenarane hos Broadpark til Lysglimt, og prosessen var ikkje ferdig før onsdag klokka 1800.
– Me flyttar over 800 e-postbrukarar, og i drygaste tilfella er det tale om oppi 30 000 e-postar, så det har teke lenger tid enn me trudde.
Den nye tenaren vil vaska både for virus og uynskt e-post med høg frekvens, men det er framleis viktig at brukarane ser gjennom og slettar det som ikkje treng arkiverast.
Då Nilsen byrja i Lysglimt var det over 2 000 adresser i systemet deira, og etter ei omfattande opprydding hadde dei luka ut halvparten som inaktive. I dag er ytterligare 200 ramla frå, og med det kan Lysglimt auka kvoten på megabyte for kvar brukar. Likefram opplever enkelte at dei brått ikkje kan taka i mot e-post, og må sletta gamalt rask for å gjera plass til meir.
– I ein overgangfase opna Broadpark alle avgrensingar på plass, og dei lukka han aldri att, så folk har ikkje trengd å sletta på ei god stund.
I tillegg er det observert e-postar som ikkje har vorte med på flyttelasset, eit mysterium med ein banal bakgrunn. Nilsen smiler, og nøler eit sekund før han kjem med forklaringa
– Det nye utstyret vårt er levert av eit selskap i Australia, og truleg har mapper med æ-ø-å i namnet vorte liggjande att. Me er jo i Austevoll, så båt er til dømes eit mykje brukt mappenamn.
Nilsen understrekar at dei gamle e-postkontoane vert liggjande hjå Broadpark heilt til alle korrespondansane har kome til rette.