mar 132014
 

WP_20121218_009
I fylkestingsmøtet denne veka vart det nye ferjeanbodet diskutert, nærare bestemt kva anbodet skal innehalde i form av kvalitet og krav.

– Det vart sagt på møtet at det er dei same gamle baljene som går rundt i bergenssjøen som gjekk til Askøy i si tid, fortalde Terje Søviknes, representant for Framstegspartiet. Han la fram eit forslag om å få ei sak frå fylkesrådmannen med full utgreiing til neste fylkestingsmøte, noko som vart samrøystes vedteke. I utgreiinga vil dei finna alt frå kvalitetskrav på materiell, til miljøomsyn. I tillegg la Søviknes fram eit forslag om å sjå på ein todelt driftsmodell for ferjene i Hordaland, slik som Nordland fylkeskommune har gått inn på.
– Noko av utfordringa er at me har korte anbodsperiodar, og det er vanskeleg for ferjeselskapa å få skrive ned nyinvesteringar på så kort tid. Ein modell der anbodet på ferjeutstyret varar lenger vil gjere det lettare å kjøpa inn nytt materiell.
Modellen skil mellom drift og fartøy, og reiarane leverar anbod på utleige av ferje så vel som drift av ruta.

Marius Løbø Fimland