mar 212014
 
Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) er sjeleglad for å koma seg ut av stortingskontoret sitt, og hadde med seg nyhende om forenkling og forbetring av lovar og forskrifter. Foto: May Linn Clement.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) er sjeleglad for å koma seg ut av stortingskontoret sitt, og hadde med seg nyhende om forenkling og forbetring av lovar og forskrifter. Foto: May Linn Clement.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) melder at regjeringa vil gjera det lettare å byggja på huset eller reisa seg ein garasje.

 

– I løpet av året vil grensa for tiltak det ikkje trengst å søkjast om, aukast frå 15 til mellom 40 og 50 kvadratmeter, alt etter kva me kjem til semje med dei andre partia om, sa Njåstad på Tippetue arkitekter sitt lunsjmøte i Drengastovo i dag. Stortingsrepresentanten, som samstundes er leiar av det lokale plan- og bygningsutvalet, konstaterte vidare at folk kjem til å merka at partiet har innteke regjeringskvartala. Det skjer òg gjennom å gje kommunane meir makt og autonomi overfor fylkesmannen.

Politikaren peika òg på at mentaliteten ute i kommunane er viktig, og der meinte den tidlegare ordføraren i Austevoll at heimkommunen er i ein særstilling.

– Eg veit ingen andre kommunar som endrar møteplanen sin for å hjelpa eit prosjekt framover, sa Njåstad med adresse til møte eine og åleine for å få fortgang på prosjektet ved den gamle Shell-tomta. Ordførar Renate Møgster Klepsvik konstaterte i same møtet kommunen sin intensjon om å byggja eit lokalmedisinsk senter på tomta, som er tenkt som ein næringspark med høve for trinnvis utbygging.

Av Trond Hagenes