mar 242014
 
AIK sine symjarar gjorde ein særs sterk innsats på Ågotnes i helga. Her deltakarane på laurdagen.

AIK sine symjarar gjorde ein særs sterk innsats på Ågotnes i helga. Her deltakarane på laurdagen. Foto: AIK, Symjegruppa.

I helga var symjegruppa frå idrettsklubben på symjestemne. På Ågotnes, Sotra viste mange av austevollingane at dei nærast er fødde med symjehud mellom fingrar og tær.

Totalt deltok elleve symjarar frå øyane, i alderen 10 til 13 år. Totalt fekk symjegruppa med seg fire gull, fire sølv og to bronsemedaljar, opplyser dei til lokalavisa, og understrekar at resultata er utruleg sterke, då det var rundt 200 deltakerer.

På stafetten på laurdag tok jentene ein fjerdeplass og fekk medalje med seg heim, då det var heile elleve lag som konkurrerte i same årsklasse.

Sundagen var det berre tre symjarar med, men likevel fekk dei med seg sølvmedalje på stafetten, då den eine symjaren tok to etappar. Då var det ti lag som kjempa mot kvarandre.  I tillegg til alle medaljane som blei tatt med heim til Austevoll, blei det mange, nye og sterke persar. Ingen tvil om at Austevoll har mange flinke og dyktige symjarar, heier det i pressemeldinga frå symjegruppa til dei oransje.