mar 272014
 

Bilde nr.3
DG Marine sjøsette nyleg to flunkande nye arbeidsbåtar, som vert frakta til Lerøy Midt sine oppdrettsanlegg ved Hitra i løpet av dei neste vekene.

Det har vore eit hektisk, men svært godt fyrsteår for selskapet DG Marine, som held til i Bekkjarviksundet. Til no har dei levert éin båt til naboane i Sjøtroll Havbruk, medan dei to fyrste av i alt fire bestilte arbeidsbåtar snart vert leverte til Lerøy Midt. Av dei ytterlegare to vert éin levert til hausten, og den neste i februar 2015. Lerøy har i tillegg opsjon på to båtar.
Dagleg leiar i DG Marine, Henning Heggland, seier til Marsteinen det er oppmuntrande at verksemder med forankring i Austevoll og på Vestlandet vel å nytta det lokale selskapet.
– Det er utruleg kjekt å kunna levera til kundar lokalt, me har mange profesjonelle kunder her som stiller høge krav og gjennomtenkte løysningar om bord for å passa inn i den krevjande kvardagen næringa har i produksjon av mat.
Båtane frå DG Marine vert bygde ved eit verft i Polen. Prosjektering skjer i fra kontorene i Bekkjarviksundet.
– Me satsar stort på å tilpassa båtane etter kundane sine ynskje, og sjølv om ikkje båtane går lokalt her, har dei utspring i Austevoll, seier den dagelege leiaren.

Mange utskiftingar
Henning Heggland, som ved sidan av prosjektleiar Kjetil Berge er den einaste tilsette i verksemda, seier vidare at framtida ser lys ut for dei vesle, eittårgamle selskapet på Selbjørn.
– Det er stor aktivitet og mange førespunadar. Me er i ei tid med stor utvikling i bransjen, med nytt regelverk som fører til nye løysinger og igjen utskiftingar av flåten. For oss gjeld det difor å vera skjerpa, tilby gode løysingar og få endå fleire oppdrag.
Begge dei tilsette har lang erfaring med prosjektleiing og båtbygging, blant anna frå Ocea.