apr 102014
 
kapsel

Omtrent slik, med fronten ut, føreslår eg at du set opp forkomne hjulkapslar. Denne står ved krysset til Kolbeinsvik. Fotokreditering til den gode kollegaen min, Marius.

Å finna att ein tapt hjulkapsel, skulle visa seg å vera lettare gjort enn sagt.

Her ein dag oppdaga eg at eg berre hadde tre hjulkapslar på bilen min. Kapselen på det venstre bakhjulet hadde hoppa av i svingen ein eller annan stad i Austevoll.
Jaja, tenkte eg, det var den kapselen. Eller dei kapslane, for eg kan då ikkje miksa éin splitter ny kapsel med tre gamle, stygge. Og hugsar eg rett, må eg vel kjøpa fire i slengen uansett. Nett som sko.

Men eg kan då fyrst prøva å ha augo opne når eg er ute og køyrer, tenkte eg. Fylgja med litt langs vegkanten.
Allereie her kjem eg til det fyrste forslaget mitt til retningslinje: Ikkje dra på jakt etter hjulkapslar langs vegen åleine. Som sjåfør er det svært distraherande, kanskje på linje med å skriva SMS. Ha med deg ein person med gode auge i passasjersetet, som har like lyst å finna kapselen att som du sjølv. Sambuaren min vil eg tipsa dykk om å ikkje bruka til dette føremålet.

Med mindre du har vore på kapseljakt (type hjul) sjølv, vil du nok ikkje tru det når eg seier dette: Det kryr av single hjulkapslar langs vegane! Så var det å finna den éine då. I byrjinga stoppa eg ved kvar einaste ein, berre for å sjekka om det kunne vera min. Det fører meg rett til retningslinje nummer to: Passerer du ein hjulkapsel, så set han fram tydeleg, det vil seia med fronten vend ut. I same stil som eg – det gode eksempelet her, gjorde med Merzedes-kapselen langs det smale strekket ved Kvednavatnet og VW-kapselen eg støtta oppimot eit tre ved Kolbeinsvik-krysset, etter det viste seg å ikkje vera min tapte VW-kapsel.

I Vinnes gjorde eg ny oppdaging. Før og etter den fyrste ferista du kjem til, der ved barnehagen, eller gamle Vinnes skule som somme plent kallar det, var det langt tettare om kapslane (framleis type hjul) enn det eg hadde sett til no. Eg parkerte bilen for å sjekka ut nokre av desse, og fekk nærast bakoversjokk då eg såg nedover skråninga like ved ferista. Her var kapsel på kapsel så langt augo kunne sjå. Alt for mange for meg å byrja å snu på med mann og barn i bilen. Nei, var min ein av desse, fekk han berre ligga.

Retningslinje nummer tre er snarare meir eit forslag til lokalpolitikarane, kanskje ein av dei mest talarstoltrengde kunne komme med fylgjande forslag under politisk kvarter i neste kommunestyremøte: Kva med ein stad i Austevoll der ein kan samla alle hjulkapslane ein kjem over? Eg kan skriva under på at det vert 1) lettare for han som leitar etter kapselen sin, 2) meir trafikkvennleg og 3) eit høve til snorklypping og kake på opningsdagen av kapselveggen.

Eg hadde nesten slått meg til ro med tanken av at kapselen min låg i massekapselgrava i Vinnes då eg i Husavik såg ein singel luring liggjande slengt i grøfta. Eit tydeleg, på grensa til høglydt sukk kom frå passasjersida då eg bråstogga nokre meter etterpå. Den siste eg skal sjekka, eg lovar!
Tvi, tvi, kviskra eg i det eg snudde kapselen. Gotcha! Kolsvarte fingrar etter tukling med utallige (rundt sju) hjulkapslar, kunne endeleg knekka på plass dekselet på venstre bakhjul.
Her frå såg eg merkeleg nok ingen fleire hjulkapslar langs vegen heim til Haukanes. Eg var vorten kapselblind.

May Linn Clement