apr 102014
 

Barnehagen
For tilsaman 16 millionar kroner blir no den nye Sol-li barnehagen bygd i Gråsidalen. Barnehagen skal etter planen stå ferdig i august.

Etter å ha drive barnehagen i 20 år, er det på tide å byggja nytt barnehagebygg. Etter å ha sett ei stor vekst dei siste åra, med ventelistar og forespurnadar, kan Ann-Elen Waage Drivenes no gleda seg til at barnehagen kan opnast om nokre månadar. Ann-Elen viser til tydleg folkevekst og seier at dei difor treng ein ny barnehage.

Sjølve bygget
Det 700 kvadratmeter store bygget, vil kunna ha opp til 65 barn fordelt på inntil fem avdelingar. Husbanken har høge krav til korleis kvaliteten må vera, blant anna er dette med at det er energivennleg og at det er lett tilgjengeleg for alle. Bygget vil difor innehalde blant anna heis og handikaptoalett. Bygget vil vera på to etasjer, dette er fordi dei vil få mest mogleg ut av tomta. I barnehagen meiner Ann-Elen at du finn eit godt tilbod for både dei minste og dei største barna. Til dømes vil det bli byggja eit våtrom, der dei kan ta inn støypte basseng. Her kan barna bada dukkene sine og gjera ulike vassaktivitetar. Heile barnehagen er finansiert med lån i husbanken. Det er Blænes bygg As som byggjer barnehagen, dei har leigd inn eit islandsk firma med namnet Vølund Bygg A/S.

Gråsidalen den rette staden
Blant mange boligar finn me tomta til den nye barnehagen. Rundt barnehagen finn me både friluftsområde og ei vikinggrav.
– Her har me alt, stranda rett nedanfor, skogen utanfor og så har me jo Prestaneset då, fortel Ann-Elen Waage Drivenes. Tomta ligg sentralt på Storebø, men er samtidig veldig skjerma for trafikk. Kvifor det akuratt blei Gråsidalen er ein stor samanheng mellom naturen og at det er eit satsingsområde.

Barnehagen sitt hovudfokus
– For oss er det viktig og fokusera på fysisk aktivitet og kosthald, konstanterte Waage Drivenes. Barna i Sol-li barnehage får mat kvardag og foreldra treng ikkje tenkje på å ta med seg eigen mat. Dei har også ein avtale med barneskulen, der dei lånar gymsalen og borna får vera i fysisk aktivitet.

Under utviklinga
I planleggingsfasen besøkte dei mange nye barnehagar, utanfor kommunen. Her fekk dei høyra kva som fungerte og kva som ikkje fungerte like godt for andre.
– Dette var veldig lærerikt for oss, og me har fått oss gode samarbeidspartnarar der, forklarar Waage Drivenes.
Fokuset deira er på avdelingsbarnehagar, det vil seie at det er færre barn per vaksen. Dei har tre vaksne på ei gruppe med ni barn.
– Den tydelegaste overgangen er sjølvsagt stor plass men ikkje minst fleire pedagogar og eit skikkelig personalrom og nokre flotte kontor. Me kjem sjølvsagt òg til å ta med oss alt det gode i frå den gamle barnehagen, fortel ho. I dag består barnehagen av tilsaman seks tilsette og 25 barn. Når den nye barnehagen kjem på plass vil det vera behov for om lag 18 tilsette og det vil vera plass til 65 barn.

Lær gjennom leik
Utanfor barnehagen er det sett av plass til parkering, her vil det også vere ladestasjoner for el-bilar. Inne i barnehagen vil du bli møtt av ein stor og romsleg garderobe.
– Me er veldig opptekne av å få inn mykje lys i barnehagen, forklarar ho. For Sol-li barnehage er det viktig å skjerme dei minste gruppene. Dei ynskjer at barna skal lære gjennom leik, og då trengst det tilrettelegging for leik. Dei ynskjer utdanna pedagogar inn i barnehagen. Ein dag i veka er det fokus på dei ulike vala som dei varierar mellom. Forming, bakst, vera i gymsalen, skogdag og musikkdag er dei kategoriane dei har fokus på denne dagen. Ved at dei har desse kategoriane er dei alltid innom alle faga som dei skal.
– Barnehagen er det laveste trinnet i utdanningen og 90 prosent av kvaliteten på barnehagen står bemanninga for, meinar Ann-Elen. Det vil jo då seia at dei treng bemanning med faglig kompetanse. Barnehagen har allereie fått mange søknadar og ho trur at med nytt bygg vil det vere fleire som har lyst til å søkje seg jobb i barnehagen. Dei har brukt mykje tid på utforming av korleis alt skal fungere og har også planlagt barnehagen saman med foresatte. Dei har bygd ein barnehage for framtida og den både håpar og trur dei at er eit godt bygg.

Journalist: Severin Tøkje (14)

Ann-Elen Waage Drivenes på byggjestaden der det om fire månadar vil stå klar ny barnehage. Her vert ho intervjua av journalistspire Severin Tøkje, som har arbeidsveke i lokalavisa. Foto: Trond Hagenes.