apr 242014
 

I utval for oppvekst og kultur i ettermiddag, la Høgre fram forslag om å avlysa anbodskonkurransen som Nævdal yrkesbygg vann på Storebø. Dei vil i staden ha ei sak på skulestruktur før vedtak om nybygg på skular vert fatta.

 

Nævdal yrkesbygg si skuleløysning er ikkje god nok når òg Trolandshamar og Møkster skal måtta flytt inn dit, meiner fleirtalet i utval for oppvekst og kultur.

Nævdal yrkesbygg si skuleløysning er ikkje god nok når òg Trolandshamar og Møkster skal måtta flytt inn dit, meiner fleirtalet i utval for oppvekst og kultur.

Trass i at det var tverrpolitisk semje om at anbodet til Nævdal yrkesbygg er ei god løysing for Storebø, var det stor usemje i utval for oppvekst og kultur om skulen i utbygd form ville vera god nok ved ein endra struktur, der elevar frå Trolandshamar, Møkster og eventuekt Kolbeinsvik vert flytta til Storebø.

– Skal me investera 110 millionar på Storebø, berre for å oppleva at me må byrja å byggja på han etter ti år? Det er langt mindre framtidsretta enn å byggja heilt nytt på ein ny stad, sa Narve Møgster (Frp) til forsamlinga i kommunestyresalen.

God skule eller ikkje

Utvalsleiar og ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) meinte på si side at Nævdal si løysing er både god og framtidsretta, og viste til at det finst synleggjorte planar til korleis skulen skal kunna utvidast ved behov.

– Storebø skule har vore og er ein prioritet, og me kan ikkje lata dei venta lenger no, sa Møgster Klepsvik.

Grethe Drønen Ringdal (H) meinte likevel at omsynet til dei andre skulekrinsane òg måtte takast inn i rekneskapen, samstundes som Storebø skule sine kortsiktige behov kan løysast på anna vis enn ved Nævdal sitt anbod.

 

Fem mot to

Fleirtalet av forsamlinga meinte at totalpakken som ligg føre med ein ny Storebø skule og mogleg strukturering av dei tre bygdeskulane ikkje er godt nok.

– Kostnadane vert rett og slett for store, og då har me ikkje fått det me har bede om på andre stadar enn Storebø, konkluderte Narve Møgster.

Framlegget frå Høgre sine to representantar fekk tilslutting frå både John André Njåstad (Ap), Narve Møgster (Frp) og Lars Knut Aarland (Sp), medan rådmannen sitt framlegg om å gå for Nævdal yrkesbygg sitt anbod med etterfyljande strukturdebatt berre fekk stemmene til utvalsleiar Renate Møgster Klepsvik (Frp) og Øystein Fammestad (Frp).

Saka kjem opp til handsaming i kommunestyremøtet fyrstkomande tysdag.