mai 082014
 

hummar
Marine verneområde gjev eventyrlege resultat for hummar og fisk. No inviterer Fiskeridirektoratet kommunane med på laget.

Etter berre fire år er bestanden av hummar inne i verneområda tre og ein halv gang så stor som før fredinga. Gjennomsnittstorleiken i felta er òg auka med 13 prosent, og ringverknadane til utanfor verneområda kan òg merkast. Desse røynslene gjer at Fiskeridirektoratet gjerne ser at kommunane kjem på banen og føreslår område til dette formålet.
– Me ynskjer å leggja til rette til ei utvikling der kommunar og lokale interesser kan ta initiativ og bidra i etableringsprosessane i samarbeid med Fiskeridirektoratet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord, som ynskjer å forankra slike område godt lokalt.
Nokre av funna forskarane ser att i områda som vart avsette som verneområde i 2006 er at noko større hummar hjelper med overlevinga av hummarlarvar. Større hodyr gjev meir levedyktige larvar. I tillegg driv larvane ut frå verneområda og kan såleis gje langt betre rekruttering til der det er lov å setja reiskap etter det ettertrakta krepsdyret. Hummar vandrar òg i noko grad ut frå desse områda.

Tre i Austevoll
Havforskar og naturven Terje van der Meeren meiner at Austevoll burde hatt tre hummarverneområde, og forskinga hans i området gjer at han allereie meiner at eitt av dei seier seg sjølv.
– Austevoll burde ha minst tre slike reservat: Eitt vest i kommunen, eitt i dei midtre områda, og eitt aust i kommunen. Heimarkspollen med tilstøytande areal utanfor kunne vore det midtre området, òg fordi dette er eit viktig gyteområde for mellom anna torsk. Eit hummerreservat her vil difor òg ha gunstig effekt på fisk sidan det ikkje vil bli tillete med fastståande reiskap i reservata.
Fiskeridirektoratet ser for seg at dei ulike områda kommunane bør føreslå bør ha avgrensa storleik, frå ein halv kvadratkilometer opptil 4,5 kvadratkilometer. I desse områda vert det berre tillete fiske med krokreiskapar. Kommunane må sjølve forankra prosessane politisk før dei går vidare med dei.

Trond Hagenes