mai 142014
 

Dersom ikkje NHO Sjøfart vert samde med sjøoffiserane og maskinistane om innanriksoppgjeret innan midnatt, kan det verta ferjestreik i Austevoll frå i morgon av. Det seier administerande direktør i Fosen Namsos Sjø, Grete Fuglem Tennås, til Marsteinen i kveld.
– MF «Trondheim» vil gå som normalt fram til klokka 10.15. Dersom streiken inntreff, vil ferja då slutta å gå, seier Tennås.
Ferja mellom Husavik og Sandvikvåg vil gå som normalt heile torsdag.
– Det er enno uavklart kor vidt ferje nummer to mellom Krokeide og Hufthamar vert råka.