mai 162014
 

– Det er eit dødsfall, seier politiet til Marsteinen.
Personen er henta opp på maleflåten bakpå «Slåtterøy», og er delvis dekka til av ein svart sekk når lokalavisa sin utsende er på staden.
– Vidare tek dei personen på ei båre og om bord i «Rygervakt», seier Trond Hagenes.
Mannen skal ikkje vera lokal, og skal i fylgje eit vitne vera del av eit reisefylgje som var på overnattingtur i Bekkjarvik. Han skal ha hatt på seg fine klede då han vart funnen.

Politiet og naudetatane reiste rett til Bekkjarvik etter ei melding til politiet klokka 09.44 i dag. Ein person var observert flytande i sjøen, tilsynelatande livlaus.

Bak på maleflåten på "Slåtterøy" er ein livlaus person henta opp frå sjøen.

Bak på maleflåten på «Slåtterøy» er ein livlaus person henta opp frå sjøen.

 

Oppdatering:
Politiet arbeidar no med å få stadfesta identiteten til mannen då det ikkje er funne legitimasjon enno, samt å kartleggja bevegelsane til mannen i Bekkjarvik før ulukka.

Naudetatane har rykt ut etter ein person er observert flytande i sjøen.

Naudetatane rykka ut etter ein person vart observert flytande i sjøen.