mai 222014
 
Gründer Johnny Rabben i produksjonen, der Leif Morten Vaage og Stian W. Jarnes rår grunnen.

Gründer Johnny Rabben i produksjonen, der Leif Morten Vaage og Stian W. Jarnes rår grunnen.

Ti år etter at Johnny Rabben stifta ShoreConnection har selskapet fått nye eigarar. Det gjev meir steam på kjelen. Dobling av talet på tilsette er like rundt hjørnet.

 

Gründerfasen er eit tilbakelagt stadium for ShoreConnection. Etter eit tiår med hovudsatsing på dekkrørslesensorar og -monitorar, spesielt mynta på helipads til skip og riggar, er selskapet kjøpt opp. Edison Chouest Offshore står bak oppkjøpet. Gigantkonsernet frå Louisiana, USA, eig over 200 fartøy, fem skipsverft og fleire offshorebasar på line med CCB på Ågotnes.

Meir kol til kjelen

Oppkjøp i denne samanhengen betyr på ingen måte utflagging, outsourcing eller andre fyord. Tvert om fører det med seg kapital til å veksa seg større og fokusera særleg på det som var den opphavelege forretningsidéen.

– Lagring av tekniske data frå skip – på land var den opphavelege tanken vår. Dagens skip er blitt så kompliserte at det trengst kontakt med skipa sin tekniske utrusting. Grunntanken vår er å lagra desse, om lag som ein ferdskrivar på eit fly, berre at data vert lagra på land, seier Johnny Rabben. No som han er vorten del av eit større konsern vert staben snartleg auka frå dagens tolv til 22, og nye luftige kontor i øvste høgda i Bekkjarvik bryggje. Nye rekruttar skal hentast frå Austevoll og omkringliggjande øyar. Løysninga til verksemda vil gjera kvardagen lettare for reiarlag, som slit med å finna mannskap med komplett teknisk innsikt for dei største skipstypane.

I fylgje gründeren Johnny er verksemda han starta langt på veg å rekna som ein skule, der dei nytilsette til no har måtta dela kontor med sjefen til dei er blitt varme i trøya.

– Det me har spesielt høg kompetanse på, integrasjon mellom ulike system om bord i skip, kan du per i dag ikkje læra deg på nokon høgskule eller universitet, seier han og skjemtar med at selskapet er rett så ein nerdete gjeng: Alle har ei brennande interesse for fagfeltet sitt, heller ein fancy bokstavkombinasjonar etter namna sine.

 

Delast opp

Når no ekspansjonen står ved døra, vil selskapet delast i fleire avdelingar under eitt tak, og produksjonseininga vil framleis liggja i Austevoll. Rabben har tru på at høgteknologiske produkt i småskalaproduksjon heime på berget framleis vil vera rekningssvarande når ein samanliknar med verdsmarknaden.

– I fyrste omgangen skal me produsera løysningane til Edison Chouest Offshore sine eigne skip, men etterkvart òg til den opne marknaden. På dette tidspunktet vil systema vera retteleg gjennomprøvde.

Johnny er på si side nøgd med å ha selt livsverket, sjølv om han held fram som dagleg leiar.

–  Me måtte gjera grep for å satsa vidare. Samstundes kan me no fokusera meir på det me kan – teknologien, og mindre på økonomi, smiler gründeren avsluttingsvis.

 

Av Trond Hagenes