mai 282014
 
Vincent Veivåg fekk visa fram gitarkunstane sine - no på Festspillene i Bergen. Foto: Isabell Aga Engelsen.

Vincent Veivåg fekk visa fram gitarkunstane sine – no på Festspillene i Bergen. Foto: Isabell Aga Engelsen.

 

Vincent Veivåg (15) fekk dobbel applaus og trampeklapp etter maktdemonstrasjon under dei unges festspeldag onsdag ettermiddag.

 

– Du kjem til å få eit kult liv, utbryt konferansier Heidi Marie Vestrheim etter Vincent si rå framføring på scena i Logen teater. Ei scene mange legender har stått på før han. Sju av dei mest erfarne musikarspirene ved Austevoll kulturskule har blitt plukka ut til å spela under arrangementet i høve Festspela i Bergen denne dagen, i likskap med fleire andre talent frå ulike kulturskular i Hordaland.

 

Nostalgi

– Eg er ein stille og keisam person elles, så det er når eg spelar gitar at eg uttrykkjer meg sjølv, seier Veivåg etter konserten. Han spelte låta Cliffs of Dover, ein instrumental komposisjon av gitaristen Eric Johnson. Ein komposisjon han høyrde fyrste gong som liten gut og har nostalgiske verdiar for Veivåg. Grunnen til at han valte nettopp denne låta er enkel.

– Ho verka utfordrande, og eigentleg umogleg. Men etter 2-3 dagar så gjekk det. Eg er ganske sta, smiler gitaristtalentet frå Austevoll.

 

Nydeleg song

Før Veivåg spelte fyrst Andrea Hevrøy Rabben (15) piano og song i lag med Emma Ingeline Hevrøy (12) U smile av Justin Bieber. Med blomar i håret og vakker samklang sjarmerte dei publikum i senk. Deretter song Amanda Weløy Fagerbakke (14) og Ingvild Kaland (14) Skyfall av Adele. Ei framføring som både fekk fram gåsehud og måpande blikk under dei mest imponerande tonane. Etterpå kom Vilde Aasebø (13) og Elida Waage (13) med låta Say something. Ei rørande tolking og nydeleg framført både på piano og song. Rektor for kulturskulen Audun Alvsåker har grunn til å vera stolt av representantane frå kommunen.

– Talent skal få blomstre sjølv om ein bur i vetle Austevoll, seier han og legg til at slike offentlege arrangement utanfor kommunen er viktige for elvane. Nybyrjarane kan ha som mål å bli like gode som desse, og dermed få lov til å bli med på arrangement i byn.

– Det er klart det er kjekt å få fri frå skulen, men det beste med å få vera med på dette er sjølve opplevinga, og det å få spela på ein annan arena enn i Austevoll, seier ungdommane samstemte.

– Eg stod og rista heile tida, roper ei etter konserten.

– Men det var kjempegøy, er alle einige om.

Og dei fleste av spirene, akkurat som Vincent, er sikre på kva dei vil etter ungdomsskulen.

– Gå på musikklinja på vidaregåande!

Av Isabell Aga Engelsen