mai 302014
 
Det er målt over grenseverdiane i eitt av romma i nyskulen på Selbjørn, i tillegg til skyhøge verdiar i eitt toalett som nesten ikkje er i bruk. Ingen treng uroa seg, meiner vaktmeisteren.

Det er målt over grenseverdiane i eitt av romma i nyskulen på Selbjørn, i tillegg til skyhøge verdiar i eitt toalett som nesten ikkje er i bruk. Ingen treng uroa seg, meiner vaktmeisteren.

Dryge seks månadar etter at nye Selbjørn skule vart opna, viser radonmålingar verdiar som krev at tiltak vert sett inn. Vaktmeisteren meiner det ikkje er grunn til panikk.

Testar av radon ved nyskulen i Bekkjarvik visar høge verdiar i to av romma. I tillegg vart det målt eksepsjonelt høge verdiar i handikapptoalettet i gamlebygget.

– Ingen av romma det er snakk om er klasserom eller opphaldsrom, roar vaktmeister Øystein Kartveit til lokalavisa. Verdiane bikka over grenseverdien på 200 becquerel per kubikkmeter i eitt av romma i nyebygget som er vendt mot fjellet, medan verdiane i toalettet nådde skyhøge 1 389 becquerel per kubikkmeter. I det andre rommet i nybygget var verdien 182 bq per kvadratmeter, som likevel gjer at tiltak må gjennomførast.

 

I lite bruk

Kartveit fortel at toalettet der er snakk om så og seia aldri er i bruk, og at det ikkje har vore høge utslag i klasseromma verken i den nye fløya eller i klasseromma i gamleskulen.

– I desse romma der me har målt høge verdiar må me mellom anna auka ventilasjonen, og dessutan gå i gang med nye målingar att til vinteren, då det er på denne årstida at målingane skal gjerast, konstaterer vaktmeisteren. Vidare er det installert radonsperre i nybygget.

I fylgje rettleiaren til Statens strålevern må det treffast tiltak når verdiane er høgare enn 200 becquerel, i form av til dømes ventilering, elastisk sugemasse krig røyr og overflatetetting av lecamurar. Verdiane ved Kolbeinsvik skule, som òg vart målte av Radonor, låg alle under 100.