jun 052014
 

haugland01
Livet i fjøra er tema for barna i Haugland gards- og friluftsbarnehage heile juni. På fyrste utflukt finn dei mellom anna ei gigantkrabbe på sju centimeter.

– Det er fjøre i dag, får me håpa. Når det er fjøre, er det strand, forklarer Marius K. Haugland på vegen frå barnehagen i Haugland og ned mot stranda nokre minuttar med gange unna. Dei fem gutane i skulegruppa går hand i hand, og pratar konstant. Henry Kvaløy har ein del på hjarta i dag:
– Eg kan fuskerekna. Det er å telja inni seg. Kvaløy har seks bokstavar, fortel guten som verkar meir enn klar for å byrja på skulen om to månader.
– Sist veke gjekk me på tur saman med skulgruppene frå Storebø FUS og Sol-li, slik at me blir kjente med dei me skal byrja på skule med. Eg har fått meg fadder òg!
Dei andre gutane prøver å sleppa til med at dei òg har fått seg fadrar, og at dei òg har møtt rektor, men Henry har langt på veg skifta emne.
– Eg veit kva ein boksofon er. Det er ein telefon som liknar på ein juiceboks, seier han med eit breitt smil.

Dårleg med krabbar
Vel framme ved stranda, tek alle av seg på beina og får på seg redningsvestar som pedagogisk leiar Eva Haugland har teke med. Alle får kvar si bøtte og spring mot vasslina for å jakta.
– Eit blåskjel!
Eliah Møgster Heggestad har funne den eine varianten av dei tre skjela dei har lært om i barnehagen. Snart finn han fleire hjarteskjel òg, men olbogeskjela vil ikkje lata seg lausna frå steinane. Krabbar er det derimot vanskeleg å finna.
– Eg trur jammen krabbane har gøymt seg i dag, seier Eva der ho vassar rundt og søkjer med augo.
– Dei kan ikkje gøyma seg for meg! utbryt Aurelian Philip og spring ut i fjøra.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.