jun 052014
 

regina
Regina Njåstad Vestrheim lét som ho bles i baritonen gjennom heile barneskulen, berre for å vera med på det sosiale ved å spela i skulekorps.

Det er friidrettsdag på Eidsbøen, og alle femte- til sjuandeklassingane i kommunen er med. Ved slike arrangement er Regina Njåstad Vestrheim aldri langt vekke.
– Kom igjen, Agnes, stå på! Kjempebra!
Regina går mellom alle stasjonane, og er no langs sidelinja på 60-meteren. Ho kan dei fleste namna på barna som fyk bortetter banen.
– Eg var lærar på Storebø skule med det same eg flytta ut att, så der veit eg kva barna heiter. Så kjenner eg jo dei frå Hundvåkøy òg, seier Regina og tenkjer seg litt om. Nei, ho er nok ikkje heilt vekkreist når det kjem til skuleungane frå Selbjørn, Kolbeinsvik og Møkster heller.
– Det er viktig å heia, og viktig å bruka namna til barna. Visa at dei vert sett.
Regina er folkehelsekoordinator i kommunen, noko som mellom anna inneber å vera ein forlengande arm for frivillige lag og organisasjonar. Ho skriv søknadar og får inn midlar, skapar blest rundt og er med og arrangerer hendingar som har med folkehelsa å gjera. Dette er ein del av arbeidet hennar, medan ho på fritida er aktiv medlem i fleire lag. Og så pressar ho juice.

Les heile portrettet i Marsteinen på papir eller PDF.