jun 052014
 

Elevar
Midtvegs i eksamensheatet sit ikkje elevane på Austevoll ungdomsskule og tvinnar fingrar, sjølv om det enno er dagar att til dei får vita kva fag neste avgangsprøve vert i.

– I dag skriv lærarane standspunktkarakterar og munnleg eksamenskarakter, fortel Tord Rabben (15). Han har lita tru på overraskingar når vitnemålet kjem til sommaren, til og med munnleg eksamen i norsk føler han gjekk som han venta. Avgangsklassane på skulen vart delt i tre grupper, der engelsk, norsk og matematikk var trekkfaga i den skjebnesvangre timen. Ei dramatisk stund, skal me tru dei fem elevane som nyttar dyrebar daudtid til å tala med lokalavisa.
– Fyrst trekte dei engelskgruppa. Då visste me at det berre var norsk og matte att, fortel Anders Salomon Hagen (15).
– Då dei ropte opp vår gruppe, var det fleire i den siste som byrja å gråte, held Jeanette Heggen (16) fram. Alle dei fem som kom opp i norsk meiner sjølv dei var heldige. Det har lite føre seg å pugga frå boka ei veke før eksamen, i motsetnad til matte.

Les heile artikkelen i Marsteinen på papir eller PDF.