jun 052014
 

Fagerveg
Nøkkelpersonar i Fagerbakke vel på Selbjørn er i full sving med å få orden på vegen mellom Selbjørnbru og Fagerbakkevågen. No vil dei spela ballen til politikarane.

– Eg har alltid tenkt at det er ein farleg vegstubb, men det er først no som eg har byrja å gå tur her at eg har oppdaga kor skummelt det er, fortel Inga Margrethe Fagerbakke. Saman med eit par andre engasjerte har ho oppretta ei side på Facebook, og byrja ei underskriftskampanje for bevisstgjering av vegsituasjonen i lokalområdet. Engasjementet har ikkje latt venta på seg, men Fagerbakke er bestemt på at dei ikkje ynskjer å spela på lukka bane.
– Me har sendt eit skriv til ordføraren nett no, og ser fram til å høyra kva planar som faktisk ligg for vegstubben. Dette er eit engasjement for å betra situasjonen, og no ser me etter politiske hjelparar for saka.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.