jun 052014
 

AIK_SILG12_1
Bjarg og Smørås kan berre ha det så godt. Det er når Selbjørn står på den andre sida av banen at det verkeleg gjeld for Austevoll sitt G12-lag.

Rett nok er det ein eim av vaflar i lufta, men det står viktige ting på menyen for unggutane på AIK og Selbjørn i ettermiddagssola. Mykje står på spel, trenarane trippar, foreldre og besteforeldre må sikkert bita seg i tunga for å halda seg innanfor Fair play-reglementet. Celtic mot Rangers, Man City mot Man United, Milan mot Inter, Roma mot Lazio, Atletico de Madrid mot Real Madrid: Lokaloppgjer er meir enn saltet i fotballmaten, der et som ein rå jalapeño-chilli midt i tortillaen.

Les om derbyen i Marsteinen på papir eller PDF.