jun 122014
 

BibukbesonghiovudbileteChrisogMarius
Sommarvarmen dirrar. Bier surrar inn og ut av kubane sine, medan birøktarane Chris og Marius hentar ut godsaker etter gode veker for dei hardarbeidande insekta.

– Dette er ikkje lurt å gjera når du er svolten, smiler Marius Taraldsen under birøktarhatten. Me er nokre hundre meter frå hovudvegen på Hufthamar, der Marius har plassert kubane sine saman med læremeisteren Chris Aurlien. Newzealendaren driv birøkting på hobbybasis, men har det i blodet, ettersom familien har drive profesjonelt i tre ledd før han.
– 4,5 tonn honning på ein dag. Så mykje kan to mann hausta på ein dag heime, seier Chris. Han er letta over at det ikkje er ei slik oppgåve i 35 varmegrader som står føre dei i dag, men på sikt ser birøktarkompisane ikkje bort frå at hobbyen kan verta noko meir av ein leveveg.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.