jun 192014
 

MarkserMortenkjemrundt
I helga som var skipa Havstril padleklubb til kurs i Vinnesvatnet med instruktørane Helen Wilson og Mark Trozer.

Me må vedgå at me undra oss litt over kva ekte havstrilar gjer i det lune, idylliske Vinnesvatnet. Her er det ikkje mykje som minnar om hav og blåst eller andre tøffe utfordringar, tenkte journalisten på veg innover til det vakre vatnet i skogen.
Svaret får me av Laila Taraldsen, styremedlem i padleklubben, når me kjem fram til den fine stranda inne i Vinnesvatnet. Saman med seks andre våte havpadlarar stig ho opp av vatnet for å eta lunsj.
– Vinnesvatnet er ein godt eigna lokalitet for eit slikt kurs, seier ho, for her er temperaturen i vatnet god. Med alle øvingane me skal igjennom i løpet av dagen, er det godt å sleppa tenkja på vind, straum, flo og fjøre.

Les heile reportasjen i Marsteinen på papir eller PDF.