jun 192014
 

Inste2
Ingeborg Instefjord (24) har villa jobba med store maskiner så lenge ho kan hugsa.

Telefonen ringer på anlegget i bilen, og på skjermen står det Papsen. Med to brør og ein far i verksemda vert det eit meir behageleg arbeidsklima enn ein elles kan venta i anleggsbransjen for ei jente på 24-og-eit-halvt, med halvvegs dyk, halvvegs arbeidsinstruks.
– Eg har vore utleigd på eksterne jobbar òg, og då vert det fort mykje puppehumor mellom arbeidskarane.
Truleg er det mindre av det i Instefjord entreprenørservice, skjønt Ingeborg har aldri følt at ho som jente har vore mindre verdsett arbeidskraft på eksterne jobbar.
– Det er eit godt miljø i bransjen, om litt tøft, smiler ho. Faktisk smiler ho heile tida, til og med når far ringer for å fortelja at ho vert sein heim i dag, for privatbilen hennar er rekvirert inn på oppdrag ein anna stad i kommunen. Me er brått attende hos gravemaskinen og eit effektivt system byrjar å koma til syne. Bjånesøy er nett ferdig å stabla neste lass klart til oss, og så er vi i veg att. Truleg skal heile dagen gå til å få vekk nett denne røysa med bas, men det vert ikkje keisamt i bilen i fylgje Ingeborg.
– Lydbok! Eg høyrer mykje på bok, så tida flyr fort. Og så har me jo felles lunsj heime, som mamma lagar til. Lærlingen får vera med òg. Han skal opna eplejuicen, det er hans jobb.

Les heile artikkelen i Marsteinen på papir eller PDF.