jun 192014
 
Gunn Elin mottok ein sjekk frå tiandeklassingane. Det vart lagt tok nokre tusenlappar i potten etter sjekken vart skriven.

Gunn Elin mottok ein sjekk frå tiandeklassingane. Det vart lagt tok nokre tusenlappar i potten etter sjekken vart skriven.

Når Gunn Elin Veivåg reiser til Zanzibar i september, har ho med seg over 20 000 kroner frå tiandeklassingane i Austevoll.

Då avgangselevane ved Austevoll ungdomsskule bestemte kva dei resterande tusenlappane etter skuleballet skulle gå til, fekk velferd flest røyster. Ein lærar kom med forslag om å donera dei drygt 11 000 kronene til barnesjukepleiar Gunn Elin Veivåg sitt hjartebarn på Zanzibar, sjukehuset Mnazi Mmoja, og elevane var samde. Fram til overrekkinga frå tiandeklassinga til Gunn Elin, hadde summen nesten dobla seg.
– Elevane laga eit skriv og leverte til verksemder der foreldra eller andre kjente arbeidde, og samla slik inn endå meir pengar, fortel lærar Gunnveig Wetteland til Marsteinen.

Vart paff av sjenerøsiteten
Det var ein rørt barnesjukepleiar som tysdag kom til ungdomsskulen for å ta imot gåva frå elevane.
– Då eg fortalde sjefen min i internasjonal samarbeid om at de ville gje overskotet til dette prosjektet, vart han heilt paff. Han hadde aldri før opplevd at ungdom hadde gått inn for å gje pengar på denne måten, sa Gunn Elin før ho heldt eit lite føredrag om sjukehuset og øyane utanfor Tanzania for eit lydhøyrt tiandeklassetrinn.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.

Victoria Høyland Drønen strikka ei duskehue for eit prematurt barn. Denne vert med i bagasjen når Gunn Elin reiser til Zanzibar i september.

Victoria Høyland Drønen strikka ei duskehue for eit prematurt barn. Denne vert med i bagasjen når Gunn Elin reiser til Zanzibar i september.